jan
24

Opplev bever! Unik utstilling om livet til beverfamilien opnar i februar

Utstillinga viser livet til beverfamilien. Alle som kjem vil få ei unik oppleving av å koma tett innpå beverfamilien i vatnet og i hytta.

Aktivitetskroken vil tilby spanande aktivitetar om bever!

Meir info om utstillinga kjem etterkvart.

Bever (Castor fiber)
Beveren er den største av gnagarane våre. I Noreg lever bever i vatn i Agder og Telemark.

Bevere er semiakvatiske pattedyr som trivs i eit temperert klima der dei er kjende som iherdige tømmerhoggarar og dambyggarar. Dei er ypperlige symjarar og lever omtrent like mykje i vatn som på land. Dei er relativt store og veg normalt kring 13-32 kg. Beveren kan dykka i 4-5 minutter og symja meir enn 750 meter før han må opp og få påfyll av luft.

Kroppen er dekka av tykk, vanntett pels som består av lange dekkhår og tett isolerande underull. Augo er dekka av ei blinkhinne når dyret symjer under vatn, samstundes som øyre og nesebor blir lukka av en spesiell muskulatur. Bakføtene er kraftige og har symjehud mellom tærne. Forbeina liknar menneskelege hender. Dei blir brukt med stor dyktighet og presisjon til å utføra ei rekkje ulike oppgåver. Beveren har og ein flat og særs sterk hale som han aktivt brukar til å varsla om fare med å slå halen i vassflata.

Det blir hevda at beveren er best av alle pattedyr (unntatt mennesket) når det gjeld evna til å endre og tilpasse seg sitt livsmiljø. Mest imponerar kanskje demningane beveren bygger. Dei kan vera fleire titalls meter lange.

Beveren lever i familiegrupper. I samanheng med dammen konstruerer beveren ein bolig på breidda, der inngangen ligg under vatn. Beverhytta kan vera opptil 7 m i diameter og huse 2–3 familiar, med maks 8–10 individer.

Permalenke til denne artikkelen: http://minnekultursenter.no/2012/01/24/opplev-bever-unik-utstilling-om-livet-til-beverfamilien-opnar-i-februar/

des
15

Test av ulike tema

I samband med at ein skal lage ei ny heimeside vil me dei neste dagene teste ulike tema for å sjå kva som passar best. Du vil difor oppleve at sida vil endre seg undervegs. Dette gjeld både bileteval, bakgrunn og fargeval. Syn tolmod!

Permalenke til denne artikkelen: http://minnekultursenter.no/2011/12/15/test-av-ulike-tema/

des
15

Ny heimeside under utarbeiding!

Minne kultursenter arbeider med tida med å få på plass ei ny heimeside. Vonleg vert det ei betre side enn den gamle, me må berre ha litt tid for å få den ferdig!

Permalenke til denne artikkelen: http://minnekultursenter.no/2011/12/15/hei-verden/