Skriv ut Side

Bygdeutstillinga i Åseral

Atter ei gong ynskjer me velkomen til Bygdeutstillinga i Åseral. I år fyller Bygdeutstillinga 40 år, og dette skal markerast! Sommaren på Minne Kultursenter vil verta prega av kulturelle opplevingar for store og små.

I løpet av våren kjem me til å sleppa informasjon om årets utstilling, samt aktivitetar som vil skje i samband med denne.

Påmelding for utstillarar til Kristine Thorsland, tlf. 95 81 73 13 eller Kari Røynlid, tlf. 90 12 92 45 eller e-post kari@minnekultursenter.no.

Registreringsskjema for utstillarar finn du her: Påmeldingsskjema og info

Permalenke til denne artikkelen: http://minnekultursenter.no/besok-oss-2/

Aktivitetar i sommer!

Aktivitetsplan sumaren 2012:   Laurdag 30. juni: Opning av Bygdeutstillinga Konsert med Aasmund Nordstoga Kåseri ved Øyvind Thorsen   Sundag 01.juli: kl. 14.00 Bornas dag! Underhaldning, aktivitetar og mykje moro! Meir info etterkvart.   Sundag 08. juli: Lokaldag Kl. 14.00 Konsert med lokale songkrefter frå kommunen.   Sundag 22. juli: Veteranbilsundag/ bytte og salsmesse. Kl. …

Vis side »

Fotokonkurranse

Bygdeutstillinga fyller 40 år i år og dette skal markerast med ein fotokonkurranse! Tema for konkurransen er mottoet til Bygdeutstillinga gjennom 40 år «Tradisjon og nyskaping går hand i hand» Bileta vert vurdert av ein jury og dei beste bileta blir premiert med gåvekort og får æra av å vera ein av gjesteutstillarane heile sommaren.B …

Vis side »

TellUs_84_338_large[1]

Gjesteutstillarar 2012

Harald Skeie Frå Harkmark i Vest-Agder. Har eige verkstad på Skeie, like aust for Mandal, skapar brukskunstnaren kunsten sin i keramikk og treskjering. Byrja med og forma små figurar i tre på fritida i midten av 70 talet. I slutten av 80-åra byrja han og hula ut store tømmerstokkar med motorsag. Blant anna laga han …

Vis side »

Informasjon og påmelding

Nå nærmar det seg atter ein gong Bygdeutstilling i Åseral. I år fyller me 40 år!! Det skal markerast med små og store arrangement i løpet av Bygdeutstillingsperioden. I tillegg vil det bli ei jubileumsutstilling med historien frå då alt starta i 1973 og utviklinga fram til i dag. Me ynskjer nye og gamle utstillarar …

Vis side »

Nysteikt vaffel med sylt og rjome

Kafe på Bygdeutstillinga

I jubileumsåret har me ein utvida meny under Bygdeutstillinga. Me ynskjer velkomen til ein tradisjonsrik og velsmakande meny: Kvardagar: Kompe og rjomegraut Laurdag og sundagar: Kompe, rjomegraut og ein ekstra middagsrett med dessert. Alle dagar: Kringle, kaker, vaflar, lappar, iskrem, mineralvatn og kaffi/te. VELKOMEN!

Vis side »